Ivan
Bryggjar
Etter ein periode med hardt arbeid med å servere gjester i den travle restauranten til pubbryggeriet, viste det seg at Ivan har ein stor lidenskap for øl og brygging. Han jobba deltid som lærling i bryggeriet i 2017-2018 og beviste fort at han er ein veldig kreativ og dyktig bryggjar som gjerne ville ha ein fast stilling "på golvet". Det tykte me han fortjente, så Ivan starta fulltid som bryggjar i 2019. Me er veldig glade for å ha han med på laget!