Heider og ære
Kvalitetsøl brygga mellom fjord og fjell i fagre Flåm har slått an både ute og heime. Sidan vi starta Ægir Bryggeri i 2007, har vi fått ei rekke nasjonale og internasjonale prisar for produkta våre. Det er sjølvsagt kjekt – og prov på at vi kan måle oss med dei fleste – men den beste løna for ein pasjonert ølbryggar er likevel den ljuvlege angen av eit nytt og vellukka brygg. Og la det vere sagt med ein gong – å kvile på laurbæra har vi ikkje tid til. Vi har nytt øl som skal bryggast!
Eit utval av nokre prisar me har vunne:
Australian International Beer Awards (AIBA) 2011, 2013, 2016:
- 13 Bronse
- 8 Sølv
- 1 Gull
Desse inkluderar både for øl og design.
Det Norske Måltid:
- Årets Ale 2011 (IPA)
- Årets Øl 2012 (IPA)
Aperitif:
- Årets Lys Lager/Pils 2013 (Mai Helles Bock)
- Årets Lys Lager/Pils 2014 (Mai Helles Bock)
Metal Packaging Manufacturers Association (MPMA) & UK Packaging Awards
- "Best In Metal 2016" for boksdesignet
- "Metal Pack Of The Year 2016"
European Beer Star
- Silver 2016 for Natt Imperial Porter
Me tykkjer det er veldig kjekt med anerkjenning for hardt arbeid, men aller viktigast er at akkurat du er nøgd med produkta våre. Skål!
Ein liten videosnut frå Årets Øl: