Øl og dram i lag har vore ei skatta smaksoppleving i uminnelege tider. Så når vi først hadde vårt eige bryggjeri på plass, var det eit naturleg neste steg å etablere eit brenneri.

Yggdrasil Akevitt er fruktig og krydderprega og vert lagra på eikefat i minst seks månader for å få den riktige smaksfylden. Akevitten har rike aromatonar av anis, karve, eik og sitrus og har fått namn etter sjølve livstreet i norrøn mytologi. Vi syntest det passa bra sidan ordet akevitt kjem frå det latinske «Aqua Vita», som tyder livets vatn. Yggdrasil Akevitt høver godt i lag med røykt og spekt kjøt og spekt eller graven fisk.

Heimdall Gin er rein potetsprit destillert sakte gjennom eit vell av utsøkte krydderurter. Det gjev ein kraftig og særprega gin med rikt krydderpreg og smakar av einebær, koriander og pomeransskal. Heimdall Gin er kalla opp etter guden Heimdall, som vakta regnbogebrua mellom menneskeverda Midgard og gudeheimen Åsgard. Denne ginen trivst særs godt i eit lite tulipanglas – lett temperert – eller i hovudrolla i ein forfriskande temperamentsfull gin og tonic.