Eit mangfald av smaksopplevingar

Ægir Bryggeri tilbyr kvalitetsøl for ein kvar smak!

Vi lagar eigne versjonar av kjende og kjære ølsortar og har ein lidenskap for å utvikle nye og spennande smakar.

I sortimentet vårt finn du eit mangfald av øl som både er gode forfriskingar i seg sjølve og som bidreg til å gjere gode måltid enno eit hakk betre. Skal du ha søt mat eller salt mat, sjømat eller spekemat, grillmat eller gåselever, kake eller knekk – med øl frå Ægir har du følgje til det meste.

Vi har lyse og lette tørsteslukkarar for varme sommardagar, mørke og fruktige øl som passar best framfor peisen ein kald vinterkveld – og handverksøl av beste merke til dei fleste andre anledningar. Ølet vårt er tilgjengeleg på sals- og skjenkestader over heile landet og i utlandet.

Ølutval

  • 1 Øltype

  • 2 Mat

  • 3 Sesong

  • BEKK Lovely Lime

    BEKK Hard Seltzer er eit naturleg og velsmakande valg med få kaloriar, som er laga med reint norsk fjellvatn. Denne varianten har eit forfriskande preg av lime i aroma og smak.

  • BEKK Marvelous Mango

    BEKK Hard Seltzer er eit naturleg og velsmakande valg med få kaloriar, som er laga med reint norsk fjellvatn. Denne varianten har eit friskt og tropisk preg med smak av mango.

  • BEKK Pleasant Peach

    BEKK Hard Seltzer er eit naturleg og velsmakande valg med få kaloriar, som er laga med reint norsk fjellvatn. Denne varianten har eit friskt og fruktig preg av fersken i aroma og smak.

  • Dag Mango Pale Ale

    I denne versjonen av Dag har me tilsett smakfull mango for ein tropisk vri på både aroma og smak.

  • Dag Sitrus Pale Ale

    Ein Pale Ale med appelsinskal og amerikanske humlesortar, som gjev ein frisk og fruktig aroma med mildt sitruspreg.

  • Flåmstanga KellerPils

    Vår KellerPils er lys, lett og forfriskande som ein Pilsner, men med kompleksitet og flott skumtopp frå den tilsette kveiten.

  • Gere & Freke Imperial Coffee Stout

    Me har hatt besøk av vår ven Menno fra Brouwerij De Molen. Naturlegvis måtte me koke opp noko stort og slik vart denne Imperial Coffee Stouten født, med smakar av sjokolade, kaffe og nøtter.

  • Habañero Helles Chili Lager

    Vår lyse og elegante Münchener Helles lagerøl har fått seg eit realt kick! Me har tilsatt vår heimelaga ekstrakt fra Habanero chilipepparar som gjer ein pikant aroma og smak som likevel er akkurat passe sterk.

  • Heimdall Gin

    Frisk, ren og smaksrik med einebær, koriander og pomeransskall og et lett sitruspreg i avslutning

  • Hopolulu NEIPA

    Ein New England IPA som er dobbelt tørrhumla med tropisk smak og aroma. Fruktig med lite bitterheit.

  • Lynchburg Natt

    Dette ølet er vår Imperial Porter som er fatlagra i Amerikansk Bourbon Whiskeyfat. Eit øl med preg av eik og amerikansk whiskey i smakfullt samspel med tonar av kaffi, vanilje og lakris.

  • Minus Alkoholfri PA

    Minus er eit brygg der alt går i pluss. Eit lettdrikkeleg og leskande øl med mjukt, fint kornpreg og herleg humlesus.

  • Natt Imperial Porter

    Vår litt utypiske sterke Porter er beksvart, fyldig og rik med smak som minner om sjokolade, og med eit overraskande preg av humle.

  • Norsk IPA

    Norsk IPA med både markant humleprofil og god maltsødme. Malt er den viktige ryggraden i alle typar øl og her er det kun brukt norsk malt frå Bondak Malt i Trøndelag.

  • Pils

    Eit forfriskande, smaksrikt og lett pilsnerøl i ekte tsjekkisk stil!

  • Rallar Amber Ale

    Eit øl med seks ulike malttypar som byr opp smakslaukane til dans med tonar av nøtter, karamell og toffee.

  • Sassy Lil Sis

    Familien Ægir har fått ei vetlesyster som er lett å like. Session IPA med behageleg humlearoma og fruktige smakar.

  • Tors Hammar Barleywine

    Vår kraftige versjon av Amerikansk Barleywine. Eit brygg med djupraud farge, markant humlepreg og rike tonar av eple og tørka frukt.

  • Upstate IPA

    Dette er vår eigen versjon av New England IPA. Brygget er gyllent og tåkete, og byr på store fruktige smakar frå amerikanske humlesorter.

  • Vetlebror Session IPA

    Ein session-variant av India Pale Ale. Her er både markant humlearoma, fruktig smaksrikdom og forfriskande tørr avrunding.

  • Yggdrasil Akevitt

    Ægir Yggdrasil Akevitt er fruktig og krydderprega med karve, eik, anis og sitrus i duftbilete med god fylde i smaken basert på eik og karve.

  • Ægir Double IPA

    Dette er ein dobbelvariant av vår klassiske India Pale Ale i California-stil. Basert på den originale oppskrifra, har dette brygget den same balanserte bitterheita og rike humletonar av furunål og sitrus.

  • Ægir India Pale Ale

    India Pale Ale i klassisk California-stil. Koparraud farge, balansert bitterheit og rike humletonar av furunål og sitrus.