IPA er vorten ein populær ølstil og kjem i mange ulike variantar med ein ting felles: ein markant humleprofil. Samstundes må me ikkje gløyme malten, den viktige ryggraden i alle typar øl. I dette ølet er det kun brukt norsk malt frå dei lidenskapelege folka bak Bondak Malt i Trøndelag. Resultatet er ein god kompleksitet saman med nydelege smakar og aromaer frå fem ulike humletypar. Trives både i eige selskap og saman med grilla kjøt og godt krydra mat. Tilrådd serveringstemperatur 6-8°C.

Ingrediensar: Vatn, byggmalt, humle, gjær.

Bruk av alkohol kan gje ulike skadeverknader. For meir informasjon: 

Alkohol og helse - Helsenorge