Kvifor velje boks?
«TPO (Total Package Oxygen, målt i ppb (delar per milliard) er eit tal vi får fram ved å analysera mengden oksygen i tomrommet inne i boksen, og mengden oksygen oppløst i ølet i boksen, og legge saman desse. Dette talet ligg som oftast fra 20-50 ppb når vi pakkar ølet på boks. For å samanlikna utvekslast 2 ppb oksygen gjennom barrieren på ein flaskekork kvar dag. Da skal det ikkje mange dagar til før boksen vert heilt overlegen», forklarar Evan. Han seier altså at forpakningen rundt korkar på flasker ikkje er 100 % tette slik som boksar er. I motsetnad til kva mange trur, trives altså ølet bedre på boks og kvaliteten på ølet vert bevart lengre.
Oksygen, lys og temperatur
Det er velkjent at ølets største fiendar er oksygen, lys og temperatur. Av desse er oksygen verstingen. Når oksygen kjem i kontakt med øl, vert det starta ein nedbrytningsprosess. Smaken vil etterkvart forsvinna og produktet vil verte dårleg over tid. Derfor er det viktig å beskytte øl mot oksygen.
Lys bidreg også til degradering av øl og UV-strålane er skurken. UV-strålane reagerar med humlen i ølet, og kan raskt skape ein ubehageleg aroma og bismak. Medan flasker som oftast kjem i tre ulike utgaver (blanke, grøne og brune), kjem boksar alltid heilt ugjennomsiktige. Når det kjem til flaskene, vil dei blanke og dei grøne alltid sleppe inn meir lys enn dei brune, og dermed vera meir utsatt for UV-strålar. Med andre ord vil brune flasker vera det beste alternativet i den kategorien.
Høg temperatur bidreg også til fortgang av nedbrytningsprosessen og derfor er det viktig å holde øl kjølig eller kaldt. Lågare temperatur vil også bidra til auka holdbarhet, så med andre ord har dei luft- og lystette boksane eit vesentleg overtak på glasflasker når det kjem til lagringskvalitet.
Nokre vil hevde at enkelte typar øl vert bedre etter lagring (som med vin).
«Alt øl som bør konsumerast ferskast mogleg tappar vi på boks, medan variantar som eignar seg for lagring over lengre tid, tappar vi framleis på flasker. Her er det snakk om surøl eller mørkare, kraftigare saker. Desse klarar å stå betre imot oksideringsprosessen og vil ikkje nødvendigvis utvikle seg negativt over tid», forklarar sjefen.
Metallsmak?
Nokre påstår å kjenne ein slags metallsmak av ølet når dei drikk frå boksar. Dersom ølet skal smake metall frå boksen, må det ha vore i kontakt med metall på eit eller anna tidspunkt. Det er det ikkje! Evan forklarar at kvar enkelt aluminiumsboks har ei hinne av vatnbasert lakk, både på innsida og utsida, som hindrar direkte kontakt. Kanskje me smakar meir med augene enn me trur? Gjæringstankane hos dei aller fleste bryggeri er laga av rustfritt stål som er nøytralt og matsikkert. Dette gjeld også øl som vert tappa på metallfat og servert i ølglas på pubar og restaurantar, og her har det ikkje vore diskusjon om metallsmak.
Miljøaspektet
Eit anna punkt på lista for vår del er jo det miljøvennlege aspektet ved å velje boks når ein kan. Her er Evan tydeleg på kva som er best. Poeng som transportkostnader og gjenvinningskostnader er eintydige.
«Halvparten så mange bilar vert henta inn for transport av tomgods samanlikna med flasker, og vekta vert heile 90 % mindre. Det vil seie mykje mindre drivstofforbruk både for tomgods inn, ferdigvarer ut og brukte boksar til gjenvinning. Energiforbruket er lågare ved smelting av aluminium enn smelting av glas. Dette viser seg å vera eit meir miljøvenleg alternativ», forklarar Evan, som óg legg til at boksane kan pantast.
Me heiar på miljøet og håpar alle andre gjer det same!