Hard Seltzer er ein alkoholholdig drikk med kolsyrevatn og fruktsmak. Det har eksistert i USA sidan 2012, men har vore relativt ukjent i Noreg fram til no. Drikken vert og kalla «spiked water» og «hard sparkling water». I USA har dette teke fullstendig av og etter sommaren 2019 solgte Hard Seltzer betre enn fleire store handverksbryggeri i statane.

 

Ægir er den første produsenten i Noreg som har lansert dette produktet under navnet BEKK. Vår versjon er laga med reint norsk fjellvatn og lansert med dei tre ulike smakane bringebær, mango og fersken. Dette er eit reint og naturleg produkt utan tilsett sukker og inneheld difor kun 95 kaloriar og 3 gram karbohydratar per boks. Produktet er i tillegg glutenfritt.

 

Ægir trur BEKK når ut til ei ny kundegruppe med helsebevisste forbrukarar som ønskjer å leve sunnare. «Lyst og lett» er i vinden som aldri før. Sidan BEKK er sukkerfritt, inneheld lite kaloriar, er låg på alkohol og lett på smak, har me tru på at me kan nå denne kundegruppa. Dette er sprudlevatn i heilt ny drakt!