Me møtte dei fine folka frå Budapest´s Monyo Brewing på ei av våre reiser og fann fort ut me har mykje til felles når det kjem til idéar om øl. Naturleg nok kom tanken om å lage eit øl saman. Prosjektet var å lage eit sterkt og unikt brygg der me nyttar nordiske ingrediensar. Resultatet vart ein Wheat Wine tilsett solbær som vart lagra på Breckenridge Bourbon eikefat i fleire månader, og derretter tilsett eit hint av vanilje. Det ferdige ølet er så stort som det høyres ut, vinøs og syrleg med tonar av whiskey og frukt.