Det er ikkje noko hemmelegheit at me er glade i humla øl på Ægir, og det er alltid gøy å eksperimentere med klassiske ølstilar. Denne gongen har me tilsett ein solid dose humle til ein frisk red ale. Me kombinerar lette karamelltonar frå malten saman med sitruspreg og tropisk aroma frå tørrhumling av Equinot og Amarillo. Alt i ein balansert og deilig harmoni som passar godt til spekemat og grillmat, eller som ein tørsteslukkar på eigne bein. Anbefalt serveringstemp. 4-6 ˚C.